Selskapet gjekk konkurs, og i 1927 vart eigedomen seld på auksjon til Hjelme kommune (no Øygarden) for kr 6300,-. Folk frå Øygarden tok torv på Skaråsmyri til eige bruk, men under siste krig vart det på ny trong for torv til energi, og det vart igjen stordrift på Skaråsmyri. Øygarden kommune selde området attende, førebels til staten, i 1980.
Torvtaking i Skaråsmyri på Soltveit
Skaråsmyri; ei stor torvmyr som høyrde til garden Soltveit, vart i 1874 seld for 1600 spesidalar. Kring 1903 vart det etablert eit aksjeselskap, A /S Skaraasmyren, som fram til 192 ...