Røldalsmarknaden var den eine av dei to store marknadene kring Hardangervidda, den andre låg på Kaupang i Kvisla i Hol kommune. Frå dei jernproduserande bygdene i Telemark gjekk det knivblad, sigdar og ljåar vestover, men elles var Røldal ein viktig fe- og hestemarknad. Den siste Røldalsmarknaden vart halden i 1809.
Røldalsmarknaden
Røldalsmarknaden går attende til forhistorisk tid. Røldal låg lagleg til for eit varebyte mellom aust, vest og sør. Sjøvarer som salt, humle og tørrfisk vart bytte mot innlandsvare ...