• (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Bergslikunstnarane

Dei tre Bergslikunstnarane Knud, Brynjulf og Nils frå Voss har alle sett spor etter seg i norsk kunsthistorie.

Knud Bergslien - målaren

Knud Bergslien (1828-1908) vart etter studieår i Dusseldorf lærar ved Eckersbergs målarskule i Oslo, og skulen vart etterkvart kalla Bergsliens målarskule, der heile generasjonar av norske kunstmålarar gjekk i lære. Sjølv var han ein framifrå portrettmålar, og nokre kjende målarstykke i norsk kunst er av han, som «Birkebeinerne på ski over Filefjeld fører Håkon Håkonson som barn til Trondhjem» (1869).

Brynjulf Bergslien - bilethoggaren

Broren Brynjulv Bergslien (1830-1898) vart etter studiar i København ein av dei fremste bilethoggarane i Noreg. Dei mest kjende verka hans er Karl Johan til hest framfor Slottet i Oslo og Henrik Wergeland i Studenterlunden. Gustav Vigeland var ein takksam elev hjå Brynjulv Bergslien.

Nils Bergslien - folkelivsskildraren

Nils Bergslien (1852-1928) var brorson deira. Han slo seg etter studieår i Oslo og Munchen ned i Eidfjord. Mykje av det han har måla, vart kjøpt opp av engelske og amerikanske turistar. Folkelivsskildring vart hans fremste genre. 

Atelieret og huset til Nils Bergslien står framleis i Eidfjord sentrum nord for elveosen, og i Galleri Bergslien attmed Vøringfoss hotell i kan ein sjå eit rikt utval av Nils Bergsliens produksjon.
 

Share to