Anne Traaseth i Amerika

Korleis gjekk det med Anne Traaseth i Amerika? Fekk ho nokon gong sjå slektningane sine att?

Me veit ikkje så myke om korleis Anne Traaseth hadde det i Amerika. Ho og Mathias Raumin slo seg ned i Grafton i Walsh County i Nord Dakota der dei hadde farm. Anne hadde kontakt med familien heime i Noreg med brevskriving.


Når ein leitar i kjeldene, kan ein lage seg eit bilde av korleis livet deira var. Her er nokre årstal i livet til Anne Traaseth.

1893 Anne Traaseth kjem til Amerika.
1894 Sonen Ole Edvard Iversen Traaseth kjem på besøk til mor si i Grafton.
1896 Nevøen Hans Thommassen Jørstad kjem til Amerika. Han er son til systera Agnethe. Hans hadde fått brev frå tante Anne i Grafton med innlagt Amerika-billett og tilbod om å overta eit stykke land.
1898 Barnebarnet Johannes Olsen Traaseth kjem til Amerika for å bu med bestemor si.
1900 Mathias Raumin døyr 20 februar. Han er gravlagt på Grafton Lutheran Cemetery.
1900 Ved folketeljinga er Anne enke. Ho bur saman med barnebarnet Johannes. Ho har ei tenestejente og ein leigebuar.
1905 Sonen Ole Edvard kjem på besøk til mor si. Han er der eit halvt år.
1906 Barnebarnet Iver Olsen Traaseth kjem til Nord Dakota.
1910 Johannes Olsen Traaseth døyr 17. februar. Han er gravlagt på Grafton City Cemetery.
1910 Folketeljinga syner at Anne bur saman med barnebarnet Iver og ei tenestejente.
1915 Anne og barnebarnet Iver  bur i Walsh County, North Dakota, USA
1916 Anne Traaseth døyr 17 januar. Ho er gravlagt på Grafton Lutheran Cemetery.
1920 Iver Olsen Traaseth bur i Grafton. Han er leigebuar. Han bur hos Andrew A. Tonjgum.
1930 Iver Olsen Traaseth bur i Grafton. Han er leigebuar. Han bur hos Glenn Mohagen.
1935 Iver Olsen Traaseth døyr 11. oktober. Han er gravlagt på Grafton City Cemetery.

Share to