• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Normann (Opphavsrett)

Ustabilt vêr ved Taugevatn

Ustabile vêrtilhøve kjenneteiknar områda ved Taugevatnet. I dette området går vêrskiljet mellom Aust- og Vestlandet.

Vêret og snøen her oppe har i alle år vore vanskeleg for NSB, trass i at dette ikkje er det tyngste partiet på bana med tanke på snømengd. Det finn ein derimot i områda ved Gravhalstunnelen. Likevel fell det mykje meir snø her oppe ved toppunktet på bana enn på Finse. I 1918 vart det målt 5,91 meter på flat mark ved Grjotrust.

Snømålingar i sporet var ein typisk arbeidsoppgåve for banevaktarane, og dei følgde nøye med på korleis snøtilhøva i sporet var til alle tider i døgnet. Stadar der det lett danna seg fonner og skavlar, vart òg kontrollerte. Straks det var naudsynt, ringde vaktarane til Finse eller Myrdal og melde frå at sporet måtte ryddast. Då vart det sendt ut snøryddingstog eller roterande snøplog. Når telefonen på Fagernut ringde to korte og eitt langt signal, var det beskjed om ekstratog eller snøryddingstog.

Share to