• Photo: Sigvard Heber
    (Copyright)
  • Photo: Anders B. Wilse
    (Copyright)

Bergensbaneanlegget

Det var ein gamal draum som vart oppfylt den 27. november 1909, då kong Håkon kunne erklæra jernbana frå Bergen til Kristiania for opna.

Det var ein gamal draum som vart oppfylt den 27. november 1909, då kong Håkon kunne erklæra jernbana frå Bergen til Kristiania for opna. Den som tidlegare ville reisa mellom dei to største byane i landet laut anten ta seg fram til fots over fjellet eller ta båt kring kysten.

Anleggsarbeidet starta i 1876. Sju år seinare vart den fyrste etappen, frå Bergen til Voss, opna for trafikk. Men så vart det stans, i elleve år. Det var i fleire år strid om trasévalet for vidareføringa frå Voss. Det var også tvil om det i det heile let seg gjera å byggja ei jernbane så høgt til fjells i vêrhardt, ulendt og dårleg kartlagt terreng. Over ei strekning på meir enn hundre kilometer laut ein leggja lina i folketomt høgfjell, der snøen låg åtte-ni månader i året.

Til sist lét politikarane seg overtyda om at det var både mogleg og samfunnsmessig nyttig. I 1894 vart vedtaket om vidareføring av Bergensbana klubba gjennom i Stortinget, men med knapt fleirtal. Arbeidet kom i gang same hausten.

Semja nådde likevel berre til Taugevatn, ei knapp mil vest for Finse. Derifrå var det to hovudalternativ, gjennom Hallingdal eller Numedal. Medan politikarane krangla, gjekk arbeidet for fullt, og då det endelege trasévalet vart gjort i 1898, var det for lengst prova at dei fleste tekniske og praktiske problem let seg løysa.

Noko av det fyrste det vart teke fatt på var å byggja veg over fjellet, frå Flåm til Haugastøl, for transport av materiell og proviant. Det er denne som i dag vert kalla «Rallarvegen», med namn etter dei som bygde både bana og vegen – «rallarane».

Bergensbaneanlegget var eit logistisk meisterstykke. Det vart organisert transportteneste med hestar og skysskarar, det vart bygt brakker og verkstader, dynamittlager og hestestallar, kraftverk og telefonliner. Det vart ordna med proviant, handelsbuer, bakeri, sjukestover, lækjar og prest. Alt kom på plass i tur og orden. I sommarmånadene var opptil 2 200 mann i arbeid i fjellet.

Etter 2,5 millionar dagsverk, 1 million kubikkmeter bortgraven jordmasse, 800 000 kubikkmeter utsprengt fjell og 700 000 kilo dynamitt, til ein kostnad av eit heilt statsbudsjett, kunne Bergensbana opnast. «Dette slektsledds storverk», sa kongen.

Share to