• Photo: Trond Oalann (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Straume - eit kulturhistorisk landskapsmuseum

Gardane ved Staume ligg på store terrassar av aur og snad etter istida, bygde opp av den sterke straumen der Bolstadfjorden er på det smalaste. Sanden har gjeve inntekt og arbeidsplassar; ei næringsdrift som har sett sitt stempel i landskapet. Dei høge giljene fortel om ei anna inntektskjelde: laksefisket.

Dragebryggja

Bolstadfjorden var ferdsleåra for Vossebygdene lenge før vegane og bruene si tid. Heller ikkje sjøvegen var fri for farar, og Dragebryggja vart bygd for å meistra dei sterke naturkreftene i straumen. 

Økomuseum

Landskapssmuseet - eit «økomuseum» - syner korleis naturkrefter og naturressursar har vore grunnleggjande for liv og busetnad gjennom mange tusen år. Kallestadstova, stavnausta og skulemuseet gjev eit nærbilete av daglegliv og byggeskikk i seinare hundreår.  

Share to