• Photo: Knud Knudsen. (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Tettstaden Evanger

Kyrkjesokna

Kyrkjesokna Evanger femnde om heile Vassveri; bygda langs hovuddalen frå Tysso til Geitle, og Bergsdalen, Rasdalen, Øvstedalen, Teigdalen og øvre Eksingedalen — i hovudsak tilsvarande tidlegare Evanger kommune.

Jernbanen grunnla nytt sentrum

Då jernbanesambandet kom i 1883, voks det på Evanger fram eit handverkssentrum med skomakarar og skreddarar som laga sko og klede for ein større marknad enn heimbygda. Evangerskoen, ein beksaumsko, vart seld også i England, og skreddaren her laga uniformer for stasjonspersonalet på jernbanestasjonen i Bergen. Evanger og Teigdalen har også lang tradisjon i produksjon av spekepølse.

Attreist etter brannen i 1923

I 1923 brann Evanger sentrum ned til grunnen, berre kyrkja stod att. Men i 1924 og 1925 vart Evanger atterreist. Den harmoniske trearkitekturen vi møter her, syner ein vestnorsk tettstad frå 1920-åra.

I dag passerer den nye traseen for E16 framom Evanger; på ny går hovudferdsla langs det gamle sambandet mellom vossebygdene og byen.
 

Share to