• Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Handelsstaden Årbakka

Handelsstaden på Årbakka ligg lunt til ut mot Onarheimsfjorden, velstelt og i god stand; ein klassisk vestlandsk landhandel.

Handelsbu, smie og sjøbu

Årbakka høyrer til dei yngre handelsstadene som voks fram etter 1842, då byborgarane sitt handelsmonopol i distriktet vart oppheva. Handelen her tok til i 1898, og krambua står slik ho var i 1960, då handelsverksemda flytta opp til hovudvegen. Handelsbu, smie og ei sjøbu står det her idag; den karakteristiske vindearka fortel om kva bygningar som var nytta til lager og handel.

Nytt liv

Dei siste ti-åra har det komme nytt liv i husa på Årbakka. Kunstlaget Njardarlog har skipa eit kunstgalleri i sjøbua, og i krambua finn du kunsthandverk og friske urter frå urtehagen, i tillegg til eit lite båtmuseum.

Share to