• Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)
  • Photo: Gunn Nordal (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Holme

Kjem du sjøvegen frå Bergen og stemner inn Herdlefjorden, er den okergule sjøbua på Holmenknappen eit kjent landemerke på styrbord side når du nærmar deg den vesle strandstaden.

Knutepunkt

Holmeknappen hadde i eldre tid viktige sentrumsfunksjonar for eit vidt oppland av dei kringliggjande gardane: sjøhus, naust, landhandel, seinare også dampskipskai, hotell (1896) og meieri (1909). Men i dag er ikkje lenger Holmeknappen noko knutepunkt. Samferdsla og næringsvegane har endra det gamle mønsteret.

Tønneproduksjon og sildesalting

Sjøbua er truleg frå 1700-talet. Her var det tønneproduksjon og sildesalting i dei store sildeperiodane, og ei tid var det også butikk i andre høgda. I dag er sjøhuset restaurert, med mykje av det gamle utstyret på plass.

Holmestova

Ovanfor Holmeknappen, i det gamle gardstunet på Holme, ligg det ei røykstove som er mellom dei eldste i Nordhordland. På ei fjøl står det innskrive ANO MDLI : 1551. Det store, ovaltelgde laftetømmeret tykkjest stadfesta dateringa.
 

Share to