• Photo: ukjent (Opphavsrett)

Mektige stormannsætter langs Hjeltefjorden

Hernar og Herdla

På Hernar budde Aslak Erlendsson. Han vart kong Inges lendmann og rådgjevar. Aslak er ein av dei tidlegaste jordeigarane vi kjenner namnet på i Bergen. Han åtte ein bygard ute ved Sandbrekke, der han investerte overskotet frå garden og fisket på Hernar.

Det same var tilfellet med kongsgården på Herdla. Eigaren Einar, son til Lakse-Pål, hadde også ein bygard i Bergen. Ein dag i 1139, då han sat på gangdagetinget på Hamre i Osterfjorden, kom Sigurd Munn og Magnus Blinde og herja garden hans og tok langskipet. Nokre år seinare, i slaget i Bergen mellom kongsbrørne Sigurd Magnusson og Inge, støtta Einar Lakse-Pål og Aslak Erlendsson kvar sin part i striden.

Share to