• Photo: Arne Nyaas (Opphavsrett)

Dyrelivet langs Rallarvegen

Dyrelivet langs Rallarvegen er sterkt prega av dei klimatiske forholda.

Dyrelivet langs Rallarvegen er sterkt prega av dei klimatiske forholda. Vinteren på høgfjellsstrekninga er lang og kald, sommaren er kort og kjølig. Mange stader dekkjer snøfonnene vegen til langt ut i juli månad, og isen på vatna ligg nesten like lenge. Dette betyr at sesongen for produksjon av biologisk materiale er kort både på land og i vatna. Dessutan er produksjonsnivået lågt fordi temperaturen er låg. Alle dyr er avhengig av det dei grøne plantane produserer, og dette passar med det generelle inntrykk ein får av høgfjellet: Det er ganske godt.

Mange dyr løyser fjellproblema ved berre å vera tilstade om sommaren, dei fleste fuglane trekkjer såleis til varmare strøk (både innan- og utanlands) om vinteren, og det same gjeld nokre av pattedyra: dei er berre på sommarvisitt. Andre klarer å halda seg i aktivitet under snøen, slik som smågnagarane; dei er berre unnataksvis oppe på nokre snarturar om vinteren. Dei fleste insekta gir berre opp, og legg seg i dvale heile vinteren. Når våren kjem og sola varmar dei opp, vaknar dei opp til ny sesong og flyg eller kryp av garde.

Straks ein passerer Hallingskeid kjem ein ned i vierbeltet, og frå Klevabrui og nedover er ein under tregrensa. Forholda for alle dyr er då enklare (varmare, meir mat, lengre sesongar).

I løpet av turen frå bjørkeskogen og ned til Flåm endrar forholda seg dramatisk, og til slutt endar ein heilt nede ved havnivået. For dyrelivet betyr dette at talet både av arter og individ aukar, serleg vil ein møte fleire insekt – nesten uansett vêr – nedover i dalen. Av større dyr skal ein merka seg at Flåmsdalen er typisk hjorteterreng, men hjort er svært vanskeleg å sjå. Det vert nok til at hjorten ser fleire turistar enn det turistane ser av hjort.
 

Share to