• Photo: Teikning av Stig Espedal etter oppmålinger av Bernhard Færøyvik. (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Oselvaren

Samanliknar vi oselvaren med småbåtane som vart funne saman med Gokstadskipet, er det ikkje vanskeleg å sjå slektskapen. Her finn vi att dei breie borda og den smekre forma.

Færing og seksæring

Oselvaren vert bygd som færing og som seksæring. Færingen var den vanlege kvardagsbåten, som vart brukt til fiske og til dagleg transport. Seksæringen vart mest brukt til føringsbåt og til kyrkjebåt.

Båtbyggjarar ved Oselva

Nemninga «oselvar» skriv seg frå 1700-talet. Om båtbyggjarhandverket er gammalt i Os, så var det mot slutten av 1700-talet berre eit par aktive båtbyggjarar. Dei bygde båtar i nausta sine ved Oselva, og dette gav namn til båttypen. Etter dette tok handverket seg opp att, og utover på 1800-talet vart det båtbygging i «alle naust». Fram til 1950-åra var oselvarbygging ein viktig næringsveg i Os. Oselvaren var den dominerande båttypen på Hordalands-kysten, og det vart levert båtar til andre landsdelar og til utlandet.

Share to