• Photo: Marthe Haugerud (Opphavsrett)

Hemmeligheten

Ein dag kom ein sjømann forbi og hjalp Hælge å lage ein vevstol der ho kunne veve dei flottaste belte. Ho blei kjend for dei breie belta sine i sterke fargar med mykje rødt og rosa. Belta er ekstra stive og har få ”snuar”, noko som kjenneteiknar den tradisjonelle brikkevevtradisjonen i Midt-Telemark.

Veven blei holdt hemmeleg og det var kasta eit klede over den når det kom besøk. Ho var redd nokon skulle kopiere veven hennar og gå henne i næringa. Familien hennar passa på veven lenge etter hennar død. men det er få eller ingen som veit å bruke den.

Den dag i dag kan du fortsatt sjå Hælge sine belter i bruk. Om lag 100-120 år gamle er dei fortsatt av eineståande kvalitet.

Share to