• Photo: WIKIPEDIA, Bjørn Christian Tørrissen (Opphavsrett)

Steinskvett

Over tregrensa kan du sjå Steinskvetten.

Når ein mellomstor fugl med eit stort kvitt felt over halen brått flyg opp og set seg i stram giv akt på ein stein og neier nervøst i knea, då har du stifta kjennskap med steinskvetten. På fjellet hekkar han nesten overalt, frå frodige sørhellingar til karrige steinurer. Han finst langs heile Rallarvegen over tregrensa. I Noreg er han utbreidd frå kysten til høgfjellet. Utbreiinga vidare strekkjer seg over heile Sibir og heilt til Alaska.

Reiret plasserer han godt skjult i bergsprekkar og andre holrom som smågnagargangar. Han er difor fjellets holrugar. Om hausten trekkjer steinskvettane sørover og overvintrar sør for Sahara i Afrika. Det som er spesielt er at også steinskvettane som hekkar helt aust i Sibir og Alaska også trekkjer til Afrika. Denne reisa er på heile 14 000 kilometer kvar veg, noko som gjer henne til ein av de mest imponerande trekkdistansane som vert utført av ein fugl på denne storleiken.
 

Share to