• Photo: J. von der Fehr (Opphavsrett)
  • Photo: John Bernhard Rekstad (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Hanne Windsholt (Opphavsrett)

Skiferdrifta på Voss

Kvartsskifer

Ordet skifer er lånt frå tysk og tyder stein som kan kløyvast i tunne flak. Grunnlaget for helledrifta på Voss er ein kvartsskifer som finst mange stader i bygda, men som skifter noko i farge og kvalitet.

Raste-, rute- og lappheller

Truleg var det mot slutten av 1700-talet dei har byrja med å kløyva takheller av berg og store steinar. Dei bruka då som regel hellene med uregelrett form, slik som dei fann dei. På 1800-talet tok dei til å skanta skiferen til store rektangulære heller, som kunne vera 2-3 m i firkant. Slike rasteheller, som dei vart kalla, kan ein enno sjå på gamle løer i bygda. I 1860-åra kom først rutehellene, med diagonale linjer på taket, og dei ovale lapphellene, som seinare vart dominerande. Det er desse som gjekk under namnet «Vosseskifer». 

Benk og benkedrivar

Berggrunnen er delt mellom mange grunneigarar, og teigane vert såleis små. Den vanlege driftsforma var at grunneigaren leigde bort eit avgrensa stykke av berget, ein såkalla benk, til ein benkedrivar, mot å få ein viss prosent av salssummen for skiferen som vart utdriven. Benkedrivaren leigde med seg folk for eiga rekning, heldt reiskap og stod ansvarleg for drifta. 

Voss Skiferbrudd 

Enno driv nokre på gamlemåten, på ein liten hellebenk. Voss Skiferbrud, som no er eit dotterselskap til Voss Cementvarefabrikk, har lagt om til samanhengjande drift over eit større område av berget, med maskinelt utstyr. Dei leverer takskifer og hageheller over heile landet.

2 comments

  • Dette bilete er speilvendt, eg har speilvendt det på mi maskin, då vert det rett. Det er fjellet i bakgrunnen som ikkje stemmer. Svartahorgi er fjellet bak.
  • Det er bilete nr 2 av 4 som er speilvendt

Share to