• Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Det tyske kystfortet på Ramsøy

Ulike varslingssytem

I diktet «Vardevakt» skildrar Per Sivle meisterleg den angst og uhyggje som spreiddest i heimane når ufredsbod kom. Folket i Hordaland har gjennom meir enn 1500 år vore vel budde på trugsmål frå fiendar. Mange minne etter forsvarsverk og varslingssystem frå farne tider finst framleis her i fylket.

Innanfor Askøy kommune finst bygdeborg frå jernalderen, vete frå mellomalderen og nyare tid, og festningsanlegg frå vårt eige hundreår.

«Artillerigruppe Hjeltefjord»

I 1941-42 bygde den tyske hærmakta omfattande kystartilleristillingar på Ramsøyi. Saman med sju andre anlegg var anlegget her ein del av «Artillerigruppe Hjeltefjord», med landkvarter på Skurtveit på Holsnøy. Batteria vart bemanna med avdelingar som var organiserte og sette opp i Stuttgart. Ramsøybatteria hadde fire kanonar med ei rekkevidd på 14 000 meter og dekte Hjeltefjorden nordover til Merkesvik og Blomvågen.

Godt bevart

Idag er restane etter festningsverka på Ramsøyi dei best bevarte av dei mange tyske forsvarsanlegga i Askøy.

1 comment

  • Ramsøy fort er ikke godt nok bevart. Askøy kommune fjernet all steinmasse som lå over fortet på 70 tallet. De brukte denne til å planere ut for skolen. Fortet var tidligere overfylt med stein og det var deretter lagt på jord og sådd i gress. Fortet lå da som den tidligere og naturlige forhøyningen i landskapet. Neten umulig å se for flyene og for båtene. I dag ligger det som et sår i landskapet.

Share to