• Photo: Ann Steindal
    (Copyright)
  • Photo: ukjend
    (Copyright)

Industristaden Bjørsvik

Kornmøller og sagbruk

Den første leigemølla i Bjørsvik blei sett opp i 1850-åra. Aktiviteten auka etter at konsul Fredrik Ludvig Konow kjøpte vassrettane, mølla og sagbruket i 1861. Han fekk reist ei ny kornmølle, samt ei grynmølle. Renner av tre frå demninga ved Husdalsvatnet førde vatn ned til møllehjula som dreiv møllesteinane. Arbeidsstokken i 1866 bestod av ein møllemeister og elleve arbeidarar. Produksjonen dette året var 19 000 tønner korn. Dei to kornmøllene brann ned i 1873. To år seinare stod ei ny mølle ferdig.

Bjørsvig Melforretning

Konow fekk økonomiske vanskar i 1870-åra og selde mølla til Christian Irgens. Sistnemnte sette i gang store utvidingar i Bjørsvik. Den nye rugmølla kom i drift i 1884. Året etter var produksjonen oppe i 70 000 tønner. Lukka røyr erstatta dei gamle vassrennene. Turbinar avløyste vasshjulet, og kvernsteinane blei skifta ut med moderne stålvalsar. Glidande bånd med skovlar transporterte kornet frå skuter ved kaien og inn i mølla. Firmaet hadde fire kornskuter, som slepebåtar trekte mellom Bergen og Bjørsvik. Irgens etablerte i 1891 Bjørsvigs Melforretning, ein av dei største i sitt slag i Bergen. Han importerte sjølv kornet og mol ikkje for andre. I 1900 kom ei ny byggmølle i drift i Bjørsvik. Ho hadde heile seks etasjar og skal vera mellom dei høgaste trebygningane som er blitt reiste i Nord-Europa.
 

Tettstaden vaks fram 

Hard konkurranse mellom handelsmøllene dreiv fram mekanisering og rasjonalisering. I 1920-åra, då produksjonen i Bjørsvik var på topp, bestod ikkje arbeidsstokken av meir enn 30-35 mann. Det var folk som budde i Bjørsvik, eller dagpendlarar og vekependlarar frå området kring. Arbeidet pågjekk i tre skift. Sjølv om løna var låg samanlikna med ein del annan industri, utgjorde fast arbeid eit gode som mange misunte møllearbeidarane. Bjørsvik utvikla seg til ein liten tettstad med dampskipskai, daglegvarebutikk, posthus, telefonsentral, skulehus, bedehus og ungdomshus. I 1921 kom det ein svingete køyreveg ned den bratte lia.
 

Statleg kornmonopol

Kort tid etter utbrotet av første verdskrig i 1914 stoppa kornimporten til Noreg nesten opp, og prisane steig raskt. For å sikra forsyningar til stabile prisar innførte styresmaktene statleg kornmonopol. I 1929 inngjekk staten kontrakt med 18 handelsmøller om å mala det importerte kornet, mellom dei Bjørsvig Mølle. Men mølledrifta her sakka akterut i moderniseringa, og Irgens var misnøgd med at han ikkje lenger fekk importera korn sjølv. I 1936 vart drifta redusert, og tre år seinare stogga Bjørsvig Mølle for godt.

Frå mølle til hermetikk

Jacob Sætre kjøpte møllebygningane i 1943. Han var leiar for hermetikkfirmaet Norwegian Preserving. I september 1946 vart det første partiet med brisling lagt i boks i Bjørsvik. Hermetikkindustrien var i motsetning til mølledrifta arbeidsintensiv. Kvinner utgjorde fleirtalet av arbeidarane. Dei la sardiner for hand, medan menn tok seg av det tyngre arbeidet. I 1950-åra var her opptil 120-130 arbeidarar i sving. Verksemda fekk eige fryseri i 1970 og vart dermed uavhengig av sildesesongane. Hermetikkfabrikken i Bjørsvik blei lagt ned i slutten av 1980-åra. Dei store trebygningane står her framleis som eit minne om tida som industristad.
 

Share to