• Photo: Signe Elisabeth Nygaard (Opphavsrett)
  • Photo: Arnulf Østerdal (Opphavsrett)
  • Photo: Sigurd Agnell, Norsk film a/s (Opphavsrett)
  • Photo: Sigurd Agnell, Norsk Film A/S (Opphavsrett)

Havrå

God gard

Havrå har truleg samanheng med det gammalnorske «hafr», som tyder «bukk». Det er lett å tru at Havrå har vore ein skrinn gard med ei mager utkome. Men slik er det ikkje. Havrå er ein god gard, med stor utmark. To øydegardar oppe i lia ovanfor tunet kom inn under Havrå, truleg etter svartedauden i 1349.

Leiglendingar

Ved slutten av mellomalderen var Havrå delt i to jamstore bruk. Kyrkja åtte det eine, jordeigande bønder det andre. Dei fleste av brukarane var leiglendingar fram til år 1700. For eitt av bruka varte leiglendingstida heilt til 1878.

Gardsgrensa

Grensa gjekk frå den gamle bøgarden og ned til fjorden. Dei to bruka hadde bøen sin samla, men det vestlege bruket hadde også åkrar på austsida. Der låg den beste åkerjorda.

Bruksdeling

Ei rettferdig fordeling av den gode jorda var prinsippet ved alle seinare bruksdelingar. Dette ligg bak det mønsteret som etter kvart voks fram, med 8- 12 innmarksteigar på kvart bruk. Alt på 1600-talet var Havrå delt i åtte jamstore bruk. På midten av 1800-talet var det 9 bruk på garden, men i 1907 vart det eine bruket delt på fem av dei andre. I år 1900 budde det 60 menneske i tunet.

Klyngjetunet

Det vestnorske klyngjetunet, med mange brukarar i same tun, er ei busetnadsform som har sett sitt preg på kulturlandskapet heilt fram til andre halvdel av 1800-talet. Då byrja dei store jordreformene som førte til utskifting av jorda og ei oppløysing av teigblandinga og det gamle tunet. Framveksten av dei store fellestuna har samanheng med folkeauken etter mellomalderen. Gardane vart delte for å gje plass til fleire brukarar.

Share to