• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Stella East (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Bergkunst i Etne

Jordbruksristningar

Vi kallar dei jordbruksristningar, av di funntilhøva tyder på at slike motivgrupper høyrde heime i ein kulturkrins prega av jordbruksnæring. Ein meiner desse ristningane er synlege minne om kultiske og rituelle handlingar som i stort mon har krinsa kring grøderikdom og liv. Dei kan daterast til bronsealderen (1800-500 f.Kr.)

Motiv

Skålgropene er det vanlegaste motivet: runde, skål- eller gryteforma groper, med tverrmål frå 2-3 og opptil vel 10 cm. Skipsfigurane er oftast sterkt stiliserte, men det kan likevel tenkjast at dei gjev eit visst inntrykk av korleis bronsealderskipa såg ut. Ringfigurane kan ha ulik utforming, frå enkel sirkel til fleire sirklar inni kvarandre. Somme har «eiker» som i eit hjul eller som i ein kross og vert gjerne kalla «hjulkross» eller «solkross». «Fotsolane» er ofte hogne som eit par og er teikna med enkel konturline.

Dei mest kjende lokalitetane

På dei glatte bergflatene ovanfor vegen på Fjøsnaneset er det fleire figurfelt. Her finst både båtar, ringfigurar og fotsolar, men få skålgroper. På Dynjahaugen på Fitja og på Duesteinen på Vinja er det ringfigurar, den siste har også mange groper. Bruteigsteinen på Flote har det mest varierte biletfeltet i Etne med ringfigurar av fleire slag: skip, menneske, dyr, tre, øksar, lurar, fotsolar, spiralar, ovalfigurar og skålgroper. Flest figurar, om ein reknar gropene med, har Helgaberget på Støle.

Share to