• Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Røyk og snø i snøoverbygga

Kampen mot snøen har vore den største utmaninga på høgfjellstrekninga heilt frå bana skulle byggast og til i dag. Ved langvarige blokadar som den i 1913, bles nokre av snøoverbygga att òg. Det var dei korte snøoverbygga på opne linjestrekningar som lettast bles fulle. Då danna snøen ein blokade som vanskeleg let seg fjerne av frontplog eller roterande snøplog, så banemannskapa måtte spa ut snøen.

Det var eit stort og tungt arbeid å få snøen opp på traller og frakte han vekk. For å unngå dette, vart snøoverbygga bygd lange og lagde slik at munningane helst ikkje vende for ugunstig i høve til vindretningen. Bygga vart sett opp slik at dei, der det var mogeleg, enda langt framme på fyllingar slik at munningen bles fri for snøfonner.

Lukene i snøoverbygga kravde mykje arbeid. Dei skulle lukkast kvar haust og opnast att kvar vår, for at den tjukke røyken frå damplokomotiva skulle sleppe ut. Røyken var ei plage for både passasjerar, mannskapa på toga og for banevaktarane. Mellombels reparasjonar på snøoverbygga vart gjort av banevaktarane, og særleg vøling av lukene tok mykje tid. Det var og mykje arbeid å fjerna is. Til det vart det brukt salt.

Den blaute vårsnøen gjorde at snøoverbygga seig under vekta av snøen. Det var banevaktarane sitt arbeid å måla snødjupnene og dei måtte melde frå til banemeisteren om det var fare for at dei skulle rase saman. Sommaren 1922 gjekk det med 90 000 arbeidstimar til bygging og vøling av snøoverbygg. Alt arbeidet var akkordarbeid og løna var 2,07 kr pr. time.

Share to