• (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Katrine Sivertsen (Opphavsrett)
  • Photo: Per Jahn Lavik (Opphavsrett)

Espevær

Handels- og gjestgjevarstad

I 1725 fekk Jon Torkelsen kongeleg privilegiebrev på å driva handel og gjestgjevarstad i Espevær. Når vårsildfisket var slutt for sesongen, kom hollendarane på hamna i Espevær og lasta inn levande hummar. I 1849 kjøpte Hans Jacob Baade frå Stavanger Kjeholmane. Han fylte ut mellom holmane, slik at det vart ein stor holme; Baadeholmen. Han sette opp saltebuer og bygde eit nytt stort handelshus på murane frå det gamle steinnaustet frå 1690-åra.

Baadehuset

Baadehuset vart ei administrasjonssentrum i det rike sildefisket på midten av 1800-talet. Her vart det telegrafstasjon alt i 1857, sidan Espevær låg så sentralt i vårsildfeltet. I Baadehuset låg doktorsalen, sjefssalen og dommarsalen på rekkje, og på loftet var det losji for fiskarar som låg «flolagde» på golvet i dei store sildeperiodane. Baadehuset er i dag vakkert restaurert av det lokale husmorlaget og er ope for vitjing.

Share to