Bøheringar og drikkevanar

Konsum av brennevin gikk ned i 1840-åra, men denne edruskapen skulle nok ikkje vare.

Konsum av brennvin gikk ned i 1840-åra og distriktslegen kunne melde at det var tidlegare overdrivne konsumet av brennvin var "aftagende". Kaffien gjorde sitt inntog på denne tida, men ein anna drikk skulle også komme til å endre bøhering sine drikkvanar.

At ”Nykterhetsforeningen” hadde gjort sitt inntog i Bøherad, samtidig som ei lov av 1837 avgrensa bøndene sitt brennevinssal, gjorde sitt til at edruskapen var etter måten god i 1840-åra. Etter lensmannens protokollar var den samla kapasiteten til brennevinskjelane i 1828 på 660 l i Bø, medan alle er meldt forsegla i 1840.

I 1852 kom første dampbåten i rute over Norsjø mellom Skien og Gvarv. Om bord var det mykje turing, og bøheringane var sjølvsagt med, for i Skien fekk dei no tak i det nye lyse og lette bayerølet på flaske!

I 1859 var bayerøldrikkinga komen so langt at ”heradstyret fann det naudsynt å tilsetja 2 politimenner.”  

 

Share to