• Photo: Utlånt av Haldis Bakke (Opphavsrett)
  • Photo: Utlånt av Haldis Bakke (Opphavsrett)

Kokelaget

Utan mat og drikke dugde heller ikkje møbelarbeidarane. Varm middagsmat fekk mange i kokelaget.

Kjærkomen inntekt

Skikkeleg mat måtte skikkelege arbeidskarar ha. Det galt i jordbrukssamfunnet og det var like aktuelt for dei mange som flytta til industribygdene for å få seg arbeid. Så lenge det var kjellarbedrifter, var det vanleg at arbeidarane kjøpte seg inn rundt kjøkkenbordet saman med familien i huset. Etter kvart som det var større forhold, vart det organisert kokelag med eiga kokke som sytte for skikkeleg middag for medlemmene av laget.
 

Hadde ein ikkje eit kvinnfolk å stelle for seg i åra før, under og like etter krigen kunne det lett bli stussleg i matvegen. Ikkje berre på grunn av fastlåste kjønnsroller. På denne tida laga ein maten frå grunnen. Slakt måtte kjøpast inn og kjøtet saltast. Det var ingen frysevarer og ferdigmiddagar i butikken. Å stelle til skikkeleg middagsmat var eit yrke meir enn i dag og eit yrke som kunne bli ei kjærkomen inntektskjelde for kvinner i ei bygd der industrijobbane stort sett var for menn.
 

Kokelagskokka

Halldis Bakke frå Sykkylven er ei av dei mange kokelagskokkene i Sykkylven. Ho hadde hatt arbeid i byssa på misjonsbåten Brand og var berre 18 år då ho blei kontakta av L.K. Hjelle som ville ha henne til å lage middag til arbeidarane ved fabrikken som budde på hybel. Seinare kokte ho også for arbeidarar ved Vik og Blindheim og Brødrene Blindheim og kokelaget hennar hadde etter kvart 25 medlemmer.
 

Middag for kr 2,25

Ungkarane – ofte unge gutar - som strøymde til industribygda budde på hybel. Det gjekk mest i brødmat. Det var ikkje mat for arbeidsfolk, meinte blant anna L.K. Hjelle som var tidleg ute med å hjelpe til med å danne eit kokelag for Vikøyra. I kokelaga vart namna på medlemmene gjerne slått opp på veggen og dei kryssa sjølve av for kvart måltid dei deltok i. Industriarbeidarane betalte ein ganske stor del av daglønna til mat. Prisen per middag var kr 2,25 den første tida. Ofte fiska dei i fjorden og leverte fisken til kokelaget for å redusere matutgiftene.
Vanlege middagsrettar var kjøtkaker, potetball, brennsnut og ulike fiskerettar. Middagen var presis klokka 12 kvar dag og middagspausen var på ein time. Kokka hadde ikkje helgefri. Arbeidarane skulle også ha varm mat om søndagen.
 

Share to