Presten og St.Hansfeiringa

Frå gamalt av var det folkefest og St.Hansfeiring ved Oterholtbrua. Dei dansa og spela og drakk. Hausten 1878 kom det ein ny prest til bygda.

Til Oterholt kom det folk frå Bø og grannebygdene. På elva hadde dei bål av tjøretønner, som dreiv med straumen og til slutt for utfor fossen under hujing og skrik. I det heile var det nok litt av kvart som gjekk føre seg her, og presten ville i alle fall ha slutt på det. Her måtte det reinskast opp, han ville ikkje ha slikt uvesen!

 

Sjå for deg presten der han kjem ned bakkane med flagrande prestekappe St.Hanskvelden. Presten Crøger møtte opp og tala til dei frammøtte.

Da han var ferdig, sa han at han ville sjå om det var nokon som våga å ta opp den gamle skikken. Dei mange som hadde møtt fram, gjekk stille heim, og den gamle St.Hansvaka var slutt for alltid.

- Heilt til 2012, då blei det igjen laga bål på elva ved Oterholtbrua.

 

Share to