• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Årskog - eit kulturlandskapsmuseum

Velstandsgard

Garden ligg i eit lite dalsøkk ved Årskogelva; eit innhaldsrikt kulturlandskap, med lauvskogkjerr, rydningsrøysar, blomeenger og lyng. Garden har vore i same ætta i meir enn 300 år; ein jamn velstandsgard. Eit arveskifte frå 1794 viser eit verde av 3186 riksdalar. Det var det rikaste buet i Våg skipreide.

Museum

I dag er Årskog eit museum, opna i 1988, og det er mellom anna ei unik tekstilsamling på garden. Ta kontakt med kulturkontoret i Fitjar kommune.

Share to