• Photo: Per Haukeland
    (Copyright)
  • Photo: Atle Jenssen
    (Copyright)

Helleristningane på Halhjem

Bronsealderen - figurar og skålgroper

I bronsealderen stod sjøen høgare enn no, og båten bar litt lenger inn i vika. Tek du turen rundt vågen, helst på fjøre sjø, og går eit lite stykke i sørvestleg retning, er du brått 3000 år attende i tida. På den loddrette bergflata er det funne 16 figurar og 31 skålgroper. Det er skipsfigurane som dominerer og som pregar ristningsflata. Heile 13 skip kan skiljast ut, somme heile og tydelege, somme forvitra, slik at berre delar av dei er att. Skipa er rita som ei enkel kjølline med bogne stamnar og stutte, loddrette strek som kanskje skal markera mannskapet.

Her finst dessutan tre enkle ringfigurar, to av dei med ei skålgrop i midten. Skålgropene er elles spreidde kring på feltet, mellom skipa og ringane, utan noko klart mønster.

Helleristningar

Helleristningane på Halhjem høyrer til den gruppa bergkunst som vert kalla jordbruksristningar, og som vert daterte til bronsealderen (1800-500 f.Kr.). Klart og tydeleg står figurane der og gjev oss litt, men ikkje heilt, innsyn i bronsealderen si magiske verd. Det kan vera figurar knytt til vekst og grøderikdom vi ser her. Både båtfigurane og ringane, solteikna, er tolka som innhald i slike førestellingar. Etter at fangstfolka i steinalderen vart bufaste, vart det viktig at kornet grodde på åkeren og at buskapen - og folka - treivst. Kanskje var ikkje berre figurane, men også sjølve staden heilag, og her i stilla i skogen, utan vår eiga tid påtrengjande nær, kjem spørsmåla lett: Kven laga figurane? Vart det ofra her ved haugen? Og var her heilage festar og ritual?

Buplass

Litt lenger framme, i sørleg retning finn vi buplassen under hellerveggen. Her har folk funne ly for vêr og vind. Var det dei same som dyrka dei magiske figurane som budde her? Eller var det fiskarane langt tilbake som søkte ly? Det får vi kanskje aldri vita sikkert. Bergarten i Grødalshaug er kleberstein, og her har vore teke teke ut kleber i gammal tid. Fleire stader på ristnigsfeltet kan ein sjå merke etter steinbryting.

Share to