• Photo: Sven Dahlgren (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Sven Dahlgren (Opphavsrett)

Hardangerjøkulen

Vil Hardangerjøkulen vare evig?

Hardangerjøkulen – ein rest frå siste istid?
Hardangerjøkulen er den sjette største breen på fastlandet i Noreg, og ligg i Eidfjord og Ulvik kommunar i Hordaland. Arealet er om lag 73 km2 og det høgste punktet på breen er 1863 meter over havet. Hardangerjøkulen er ein typisk platåbre på vasskiljet mellom Austlandet og Vestlandet. Breen har fleire utløparar, der Blåisen og Midtdalsbreen mot Finse og Rembesdalsskåka i sørvest retning Simadalen, er dei mest kjende. Hardangerjøkulen inngår i Skaupsjøen/Hardangervidda landskapsvernområde som vart oppretta 10. april 1981 og dekkjer eit areal på 553 747 km².

Rundt Hardangerjøkulen ligg to sett randmoreneryggar av ulik alder. Dei ytste er frå eit breframstøyt for om lag 10 000 år sia, og har fått namnet «Erdalen event» etter staden hendinga først vart omtala. Moreneryggane nærare breen vart avsette under «den vesle istida», der dei ytste av desse moreneryggane er frå midten av 1700-talet.

For om lag 8500-8000 år sidan gjorde Hardangerjøkulen eit framstøyt som er godt dokumentert på Øvrefetene i eit snitt langs ein bekk som kjem ned frå Blåisen. Det er no ålment akseptert at dei fleste breane i Noreg har vore heilt bortsmelta etter siste istid, og at dei fleste vart nydanna for om lag 6000–4000 år sidan. Dei er dermed ikkje rester etter brear frå siste istid. Undersøkingar på nordsida av Hardangerjøkulen syner at breen var heilt bortsmelta fleire gongar etter siste istid og at breen har eksistert kontinuerleg dei siste 3800 åra.

Fordi fjellgrunnen under Hardangerjøkulen er ein del lågare enn dagens breoverflate, må klimaet ha vore kaldare om somrane og/eller det må ha vore meir nedbør om vintrane enn det er i dag for at det skulle kunne danna seg ein bre der. Under nydanninga drenerte småbrear ned i dei store dalane og fylte dei med is, og breen vart etter kvart slik som i dag.

Den største utbreiinga sidan slutten av siste istid hadde Hardangerjøkulen under «den vesle istida» på midten av 1700-tallet. Fronten til Midtdalsbreen var då 1,6 km nærare Finse enn i dag.

Fordi Hardangerjøkulen har så lita høgdeutbreiing, skal det berre ei mindre klimaforbetring til før snøgrensa kjem over det høgaste området på breen, og dersom klimascenarioa slår til, kan han forsvinna på nytt.

Share to