• Photo: Anne Sidsel Herdlevær (Opphavsrett)
  • Photo: Anne Sidsel Herdlevær (Opphavsrett)

Gamle ferdslevegar i Etne

Driftevegen gjennom Stordalen gjennom Øyno, og vidare over fjellet til Røldal, er ein av dei gamle ferdslevegane mellom aust og vest.

Heilt frå mellomalderen har dette vore ei sentral sambandsline. Røldal kyrkje var ein av dei viktige valfartsstadene, og den årvisse Røldalsmarknaden trekte til seg mykje folk til langt fram på 1800-talet.

Postvegen Etne - Skånevik

Postvegen frå Skånevik til Etne er ein del av sambandet nord - sør: den «Stavangerske Postvei». Postvegane vart bygde ut med gradvis høgare standard etter at posttenesta vart fastare organisert midt på 1600-talet. Først på 1800-talet vart desse vegane køyrevegar.

Fin turveg

Postvegen mellom Skånevik og Etne er sett i god stand som turveg. Sjå etter skilt!

Share to