• Photo: Dahl og Nesje ( 1994, 1996) (Opphavsrett)
  • Photo: Wikimedia/ Steven8 (Opphavsrett)

Massebalanse på brear

Veit du kva som fører til volumendringar på breane?

Variasjonar i massebalansen til ein bre er eit resultat av endringar i akkumulasjon (tilførsel av snø) og ablasjon (smelting) som igjen fører til volumendringar på breane. Dette forholdet vert også kalla for breane sitt regime, budsjett eller materialhushald. Breen sin massebalanse vert gjort opp som ein rekneskap for kvart år, der akkumulasjonen er «inntekta» og ablasjonen representerer «utgifta» til breen. Dersom ablasjonen er større enn akkumulasjonen, er nettobalansen negativ og motsett.

Balanseåret eller budsjettåret vert rekna frå slutten av smeltesesongen det eine året til slutten av smeltesesongen det følgjande året. Akkumulasjonssesongen vert rekna frå om lag 1. oktober til 30. april (7 månader), medan ablasjonssesongen er frå rundt 1. mai til 30. september.

Ved å setja stakar eller tårn ned i/på breen ved byrjinga av akkumulasjonssesongen, kan ein finne vinterbalansen ved å måla snøhøgda på stakane ved slutten av akkumulasjonssesongen om våren. Snømengda vert omrekna til vassekvivalentar ved å ta representative målingar av snøen sin tettleik. Som supplement til stakemålingar vart det grave profil i snøen ned til snø-/isoverflata sist sommar.

I tillegg til dei reint meteorologiske faktorane, kan topografien på breen si overflate verke inn på snøfordelinga ved at snøen gjerne blæs av konvekse parti og vert akkumulert i forseinkingar på breen si overflate.

På tempererte brear nyttar ein stakar også til måling av ablasjonen. Sidan ablasjonen vanlegvis er meir regelmessig og minkar relativt regelmessig med høgda, treng ein vanlegvis ikkje så mange målepunkt. Ablasjonen vert målt frå toppen av akkumulert snø frå sist vinter til sommaroverflata frå året før. I eit «normalt» breår ligg mykje av snøen att i akkumulasjonsområdet, medan all snøen i ablasjonsområdet pluss en del av breisen smeltar. Ablasjonen vert, som akkumulasjonen, rekna om til vassekvivalentar.
 

Share to