• Photo: Tinn Museum - Ragnar Dybdal (Opphavsrett)
  • Photo: Tinn Museum - Ragnar Dybdal (Opphavsrett)

Jern og smiing i Tinn

<b>Utstillinga Jern og smiing i Tinn handlar om jernutvinning, kolbrenning og smiing i Tinn.</b>

Arkeologen Irmelin Martens, som stod for den grundige granskinga av jernvinna ved Møsvatn, konkluderer med at jernproduksjonen i dette området begynte rundt 500 e. Kr. og varte til utpå 1300-talet.

For å produsere jern var det nødvendig å ha tilgang på store mengder trekol. Eit omfattande kolproduksjonsfelt i Austbygde er tidfesta til 1290 – ca. 1500.

Dei profesjonelle ljåsmedane i Tinn produserte kvalitetsljåar som blei kjøpt av bønder i halve Sør-Norge. Ljåproduksjonen varte frå rundt 1820 til 1950.

Ønskje du å se ei tilrettelagt framstilling av desse tinga er utstillinga Jern og smiing i Tinn tilgjengeleg på Tinn museum.

Share to