• Photo: Ann-Mari Olsen, B. 9097. (Opphavsrett)

Gudinna med halsringen

Kvinnesmykke

Ringar av nokså nøyaktig same slag er kjende frå fleire funn i Sør-Skandinavia og i Mellom-Europa. Dei kan daterast til midten av yngre bronsealder, kring 700 år f.Kr. og har vore bruka som halsringar med platene og spiralane vende bakover mot nakken. Etter alt å dømma er dette eit kvinnesmykke.

Offergåve?

Funntilhøva tyder på at ringen er lagd på staden med vitande og vilje, som eit offer. Han låg på ein stein, på aurbotnen, og må ha lege der fullt synleg, like til myra grodde over han.

Kvinnesmykke er langtfrå sjeldsynte i offerfunn frå yngre bronsealder i Danmark, Sør-Sverige og delar av Sør-Noreg. Særleg er halsringar vanlege, men også armringar og visse slag beltespenne.

Mange forskarar meiner at desse kvinnesmykka er ofra til ein bestemt guddom. Ein meiner jamvel å ha funne bilete av henne i nokre bronsestatuettar frå yngste bronsealder, kjende frå fleire danske funn. Desse statuettane syner ei kvinne med ein stor ring kring halsen. Somme har kalla henne «Gudinna med halsringen».

Sjeldsynt funn

I norsk samanheng er dette både eit sjeldsynt og eksotisk funn. Ringen er laga i Mellom-Europa og er komen til Etne via Danmark. Han må ha representert ein stor kapital for den som åtte han, og som for 2700 år sidan gav han frå seg - kan hende som eit offer - til «Gudinna med halsringen».

Halsringen finst no på Bergen Museum.

Share to