• Photo: Avfotografert av Gunnbjørg Austrheim (Opphavsrett)
  • Photo: Teikna av Arne Berg (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Nes – ein vestlandsgard

Vestlandstunet på Bygdøy

Bygningane frå Nes er kjernen i vestlandstunet på Bygdøy og gjev vitjaren ein umiskjenneleg dåm av Vestlandet, med røykstover og kritkvit kroting på sotsvart tømmer. Jamvel om vår tid ikkje lenger har så stor sans for museal «kulturimperialisme» som flyttar hus ut or sitt opphavlege kulturlandskap,
må vi vedgå at mange dyrebare delar av den norske kulturarven på denne måten har vorte redda for ettertida.

Gardsturisme i historiske omgjevnader

Vi kjenner det gamle fellestunet på Nes gjennom Arne Bergs nøyaktige rekonstruksjon og kan vel berre ønskja at dette innhaldsrike tunet framleis hadde vore å sjå i landskapet. Det ligg fleire eldre bygningar att i tunet, som av dagens eigar vert stelt med stor pietet og respekt for dei historiske verdiane. Gjennom gardsturisme vil Nes vera ein av dei gardane som ønskjer vitjaren velkomen.

Nestunet er tildelt Norsk kulturarv sitt kvalitetsmerke, «Olavsrosa», Kvam herad sin kulturpris og Kulturlandskapsprisen frå Fylkesmannen i Hordaland. 
 

Share to