• Photo: Norsk Jernbanemuseums samling (Opphavsrett)

Marknadsføring i utlandet

Bergensbana vart aktivt brukt i marknadsføringa av Noreg i utlandet.
Det nasjonale kjem fyrst og fremst til uttrykk som eit gjennomgåande formuttrykk på bygningar, inventar og trykt materiale. Møblementet som vart laga til opninga av reisebyrået i Bergen fekk eit middelalderromantisk uttrykk. Dei vakre stasjonane vart bygd i ein nasjonalromantisk stil. Reklamemateriell som plakatar og brosjyrar, rutetabellar og postkort vart laga i same stilen. At landet endeleg var sjølvstendig skulle markerast på alle måtar, og NSB brukte landets beste formgivarar til desse oppdraga.

Uttrykk for ein draum
Motiva var gjerne vinterlege og vakre, opphaldsvêr med sol og snø. Dei plakatane som ein ser her er frå 1920 og 30-åra, ei tid der nordmenn flest hadde det trongt økonomisk og ferie var eit uoppnåeleg ynskje. Samstundes byrja ferie for alle å gå frå å vere ein draum til eit krav, og i 1936 gav Arbeidarvernlova alle arbeidstakarar i landet rett til 9 dagars ferie med løn. I 1947 var dette utvida til tre veker, og toget sytte for at alle kunne koma seg litt vekk frå kvardagen. Påskeferie til fjells vart fort ei populær ferieform, der eit brunt andlet var provet på eit moderne levesett.

Share to