• Photo: Olav Lorch Eidem, Norsk Jernbanemuseums samling (Opphavsrett)
  • Photo: Mittet (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Snørydding på Bergensbana

Det sterkaste våpenet i kampen mot snøen var den dampdrivne roterande snøplogen. Den fyrste rotaren vart konstruert etter amerikanske førebilete og kom på plass allereie i 1907. Skovlhjulet var 3 meter i diameter og dampmaskina dreiv hjulet rundt 140 gonger i minuttet. Alt fyrste vinteren synte den seg underdimensjonert og det var klart at éin rotar ikkje var nok for å halda bana open. I 1908 kom to til, og då bana opna for drift 27. november 1909 sto tre roterande plogar med fire store damplokomotiv klare til å halda bana open vinterstid. I 1914 kom den siste rotaren – den hadde større kjel enn dei andre. Alle dei fire fyrste roterande snøplogane var bygd ved norske lokomotivfabrikkar. I 1945 kom ein ny plog, nr. 5, og i 1947 kom plog nr. 6 og 7. Alle desse tre var levert av Henschel & Sohn, Belgia.

Skyvekraft naudsynt
Dei roterande plogane måtte alle skyvast av eitt eller to damplokomotiv, då all maskinkrafta i rotaren vart nytta til å driva det roterande skovlhjulet som kasta snøen langt utafor sporet. Rotaren som kom i 1914, nr. 4, som står utanfor Rallarmuseet om sommaren, hadde kraftigare dampmaskin enn dei andre (1100 hk mot 800) og viste seg dugande heilt til den harde vinteren 1975/76.

Dieselmaskinar
I 1965 kom den fyrste dieseldrivne roterande plogen. Til å erstatta denne siste av jernbanen sine verkelege kraftkarar vart det skaffa sjølvgåande vendbare dieselplogar frå Beilhack i Tyskland i 1972. Desse plogane er no ryggrada i Jernbaneverket sin beredskap for snørydding. Meir om kampen mot snøen kan du lesa og sjå på Rallarmuseet.
 

Share to