• Photo: Inge Aarseth (Opphavsrett)

Åsberget og Haugen

Stoppar du ved Flåm skule, og ser mot det bratte Åsberget i nord, ser du den skrå grensa mellom den svarte fyllitten (under) og den lysare gneisen oppe i fjellveggen til høgre.

Stoppar du ved Flåm skule, og ser mot det bratte Åsberget i nord, ser du den skrå grensa mellom den svarte fyllitten (under) og den lysare gneisen oppe i fjellveggen til høgre. Grensa vart danna på fleire titals kilometers djup, når gneisen vart skyvd inn over fyllitten. Det skjedde då kontinenta på kvar side av det tidlege Atlanterhavet kolliderte for vel 400 millionar år sia.
Etter å ha passert steinrøysa under Åsberget kan du på andre sida av elva sjå det vi kallar ein «randås». På slutten av istida stogga brekanten ei stund, og breelva sette av mykje sand og grus ved fronten. Her er det no eit grustak.
 

Share to