• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kvam under vatn

Det var den verste sommaren eg har opplevd. Fredag 10. juni om morgonen regna det frykteleg, så frykteleg at mamma sa ho kunne kjøre meg til skulen.

Det regna heile formiddagen. På skulen skulle vi sjå på film og da slo lyset seg plutseleg av. Det ble heilt mørt. Vi fekk beskjed om at vi skulle gå ut og der såg vi mange politi, sjukebilar og helikopter. Fleire var fortvila, eg vart redd. Det kom mykje vatn inn i skulegarden. Eg høyrte mange som skreik.

Eg kom til å tenkje på heimen min. Ville det kome vatn inn i huset? Mamma reiste heim og prøvde og redde sakene våre. Mamma kom og henta meg på skulen. Ho fortalte at vi skulle finne ein plass å sove. Vi reiste fyrst til onkelen min, men vegen var øydelagt så vi reiste til nokre venner av foreldra mine.

På veg til huset vårt såg vi at vegen var øydelagt. Vi gjekk inn. Alle sakene mine var øydelagt! Det lufta kjempevondt. Det gjekk ikkje an å bu der så vi måtte flytte innpå fjellet der hadde vi campingvogn. Vi budde der i 6 veker. Etterpå måtte vi bu i lærar-boligen i Kvam. Vi kunne flytte attende til huset vårt i slutten av november 2011.
No har vi det kjempebra og har eit nytt og fint hus. Det er fint i vegen ved sida av huset og.
Det som er dumt er at eg mista nesten alle tinga mine, fordi eg har rom i kjellaren. Der vart det vatn heilt opp i taket.
Tenk at dette skjedde i Kvam!
 

3 comments

  • Kjempefin forteljing og talande bilete!
  • Fin forteljing
  • Rørande forteljing, Torstein. Samd med vedkommande som har kommentert litt tidlegare - bileta er veldig talande.

Share to