Bakgrunnsteppet til teaterscena på Kinn

Bakgrunnsteppet til teaterscena på Kinn

Av Torleif Reksten

Mange teaterframsyningar har eit bakgrunnsteppe på scena. Her på Kinn går dette sceneteppet 360 grader rundt oss og viser  oss den flotte naturen som spelar slik viktig rolle i "Songen ved det store djup".

      Kyrkja har ei heilt spesiell plassering like under bratte fjellet slikat sola kjem inn i kyrkjerommet ved vanleg gudsteneste berre ein kyrkjesøndag ved jonsoktider. Kinnaspelsøndagen går vi inn til gudsteneste i skugge, men opplever at sola kjem og lyser opp kyrkja under preika, og så går vi ut i sollys. Ein god symbolikk for Kinnaspelet og kristentrua. Over korinngangen i kyrkja kan vi sjå eit unikt og fantastisk inventar, lektoriet, som også symboliserer skugge og mørke for dei som blir dømde ”nord og ned” av Kristus og apostlane hans. Men vi ser også engelen til høgre. Han er på sør- og solsida med løfta basun og leier dei truande sine sjeler frå fienden, frå uver med torden og storm på sjøen til eit lyst liv, til paradis. Tradisjonen seier at det er St Mikael som har dette viktige oppdraget. Engelen på Kinn går rett opp mot fjellsida bak deg der det ligg ei lita hole.

      Var dette ei Mikaelshole og kanskje den første kyrkja på Kinn? Holer spela ei viktig rolle som kultplass førkristen tid. Dei vart sett på som nedgang til dødsriket eller underverda, og mange menneske vart gravlagde i holer. Har denne hola bak sitteplassen din hatt ein slik kultfunksjon? Mikael er nesten alltid knytt til fjell og holer, og han er den som vernar kyrkja mot alt vondt. Var dette grunnen til at kristne kanskje brukte ho som kyrkje før dei bygde steinkyrkja vi ser framfor oss? Selja, som Kinn er så knytt til, har ei slik Mikaelskyrkje i ei hole over klosteret der.

      Denne hola heiter i dag Bornihellaren og spelar ei viktig rolle i segna om den irske heilagmøya og dei heilage mennene som kom til Kinn. I følgje denne segna budde Borni i hola medan ho lurte tussen Vindfløy til å byggje kyrkje for seg. Du får snart vite mykje om dette under framsyninga av ”Spelet i spelet”. Det vi veit, er at det har budd folk i denne hola, noko restar av bein og kol vitnar om. Vi finn også restar etter kalk. Betyr det at hola var brukt som kyrkje eller berre som bustad for dei som bygde kyrkja? Segna om heilagmennene frå Irland er gammal, medan Sunniva og Borni først ”dukkar opp” ved slutten av 11-hundretalet, og då var første delen av kyrkja allereie oppført.

      Kanskje du ikkje ser Kinnaklova frå sitteplassen din. Dette merkelege seglingsmerket, det einaste av sitt slag i heile verda, blir du mint på mange gonger under framsyninga. Presten i spelet er ”kløyvd som fjellet der” og ved avslutninga syng alle om ”kløyvde tindars øy”. Det ville ha vore merkeleg om ikkje nett dette merket kunne ha blitt oppfatta som eit Guds merke som losa heilagmennene til Kinn, ei heilag øy som dei burde busette seg på. Botnen i klova er ei 25 m lang, knivskarp egg som ligg 120 m over havet. Klova er ca 130 m høg og ca 50 m vid ved toppen. Hadde ein fjerna lausmassane i klova, ville ho vorte 70 m større. Staurane, toppane på kvar side, rekk 223 m og 196 m over havflata.

      Først i 1881 stod det nye lyset i mørket, Ytterøyane fyr, ferdig. Mange skip hadde forlist her ved Kinn og for å sikre ein stadig aukande båttrafikk langs kysten, bestemte Fyrkommisjonen alt i 1851, då sildefisket var på sitt beste, at det var viktig å bygge eit fyr her i høveleg avstand frå nabofyret, Utvær, i Solund. H C Lass (gravplassen til Lassfamilien ser du lengst mot vest og mot teaterscena) åtte Kinn på den tida. Fyrvesenet betalte kr 5000 for denne holmen der eit 31 m høgt støypejernstårn levert frå Marineverftet i Horten og eit lyktehus med fyrlykt frå Frankrike blei oppført. I tillegg kom romslege husvære for tilsette, maskinrom og kai med naust. Det skal vere ganske roleg sjø for å kunne legge til ved denne kaia. Før budde det fleire familiar der, og dei dyrka poteter og grønsaker og heldt kyr og sauer. Lykta er ca 60 m over havflata og eit dieselaggregat gav energi til ei lysstråle som ein kunne sjå meir enn 20 nautiske mil borte. I dag er fyret automatisert og lykta som no blir drive av solcellepanel, er ikkje som i gode, gamle dagar. Ytterøyane er sjøfuglreservat, og det er ikkje tilléte å gå i land der utan løyve.

      Den lave øya, 1,5 km rett framfor deg, heiter Nærøya. For om lag 150 år sidan var det stor aktivitet der med over 30 salteri, og nesten 60 losjihus. Der var det kort veg å ro til fiskefeltet. Dei fleste fiskarane på øya var bønder som kom frå Førdefjorden og Dalsfjorden. Leigeavtalar for husgrunnen var på 15 år og leiga 3-4 spesiedalarar per år. I dag ser vi berre dei vakre grunnmurane til denne fiskarlandsbyen. Det vesle, raude huset her ved kyrkja er flytta hit frå Nærøya etter at dei store sildeåra tok slutt i 1870 åra.

      Det dominerande fjellet på øya rett bak kyrkja, Store Batalden, er 492 m høgt. I Batalden finn vi også restar etter mange sildesalteri. På det meste kunne det komme 15000 fiskarar her til øyane i Kindens sogn i dei gode sildeåra kring 1850/60.

      Så har blikket vårt teke oss tilbake til kyrkja. Håpar du får ei fin oppleving her på Kinn der det no berre bur 8 personar om vinteren. Ta gjerne ein tur ut i klova og besøk dei flotte Byrjehellarane på vestsida av fjellet. Du kan også gå tilbake til båten gjennom Høyskaret. Når du kjem ned på den gamle strandvollen på sørsida, ser du den store Olav Trygvasson-hellaren til høgre, og vidare austover passerer du fleire jernaldergardar for så til slutt å komme tilbake til kaia. Hugs tilbodet om historisk vandring langs denne ruta. Ta med smarttelefonen så du kan lese informasjonen på merkepinnane med QR-kodar.

(Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2009)

 

Share to