Danskefuten

Hans Majestets Foged

Av Bjarte Sindre

Etter Svartedauden i 1349/50 gjekk det sterkt til atters med Noreg, og etter kvart fekk Danmark stadig meir dei skulle ha sagt her nord. Frå 1450 hadde vi dansk konge, og han sette danske adelsmenn inn i viktige norske embete. Dei danske kongane kom til å sjå på Noreg som sin personlege eigedom, og som ei viktig inntektskjelde. Dei høgste danske styresmennene i Noreg var dei fire lensherrane. På Vestlandet sat lensherren i Bergen trygt bak festningsmurane på Bergenhus festning, for dei danske styresmennen kjende seg framande i landet, og rekna med at væpna opprør kunne kome når det skulle vere. Lensherren på Bergenhus styrde området frå og med Rogaland i sør til og med Møre i nord. For å ta seg av skatteinnkrevjinga hadde danskekongen innførte systemet med fogdar, eller futar som vi sa. Stort sett var dei danskar eller tyskarar. Lensherren på Bergenhus festning hadde difor mange futar å halde styr på, og han skulle samle inn alt futane fekk inn av skattar og avgifter, og svare direkte til kongen i København.

 Bygdefolk hadde lite kjennskap til den sentrale styresmakta. Kongen høyrde dei berre gjetordet av, og lensherrane såg dei aldri. Såleis vart det futane som kom til å bli vanlege folk sin kontakt med øvrigheita. I den første samanstøyten mellom allmugen og futen i Kinnaspelet ber futen om ro for å gje fleire meldingar. Kva kan det vere? «Ein skatt til kongen, vil eg tru.» seier Mikkel. Og futen stadfester dette: «Den skatt som I nevner skal I få.» Det er ikkje så rart at bygdefolket rekna med at det var bod om ny skatt futen skulle kunngjere. Kongane i København hadde stadig trong for pengar, og så var det å ty til utskriving av ulike ekstraskattar. Vegar fanst ikkje i Sunnfjord den gongen, så stort sett måtte futane kome seg fram med båt, og sjøvande var dei minst av alt. Difor føregjekk skatteinkrevjinga sommarstid. Då var det framkomeleg, og ein sette ikkje livet på spel for skuld uvêr. Men om ikkje vinterstormen tok futane, så var det rett mange som måtte late livet på grunn av rasande nordmenn. Skatteinnkrevjaren var sjølvsagt lite populær, og fekk skulda for alt som vondt var. Når kongen la harde skattar på bygdefolket i Noreg, ja, så let allmugen raseriet sitt gå ut over futen. Ofte hadde dei gode grunnar til dette, for futane var slett ikkje Guds beste born. Nordmennene vart rekna som eit farleg og uregjerleg folkeslag, og danske embetsmenn plukka ut hardbalne og uforferda karar til å ta på seg skatteoppkrevjinga. Dei må nok mest samanliknast med «torpedoane» i våre dagar. Særleg god betaling hadde dei heller ikkje, så dei spedde nok på med å krevje inn litt meir enn det dei skulle. I sannings namn må det seiast at futane ikkje hadde det heilt enkelt. Løna deira var lita, truleg har lensherrane rekna med at dei skulle skaffe seg inntekter frå allmugen i tillegg til den faste løna dei hadde. Som utlendingar hadde dei lite kjennskap til norske tilhøve. Dei visste nok ikkje at avkastinga i Noreg var mykje mindre enn i Danmark og Tyskland. Når dei så pressa bygdefolket for skattar og avgifter, så kan dei gjerne ha trudd at dei hadde meir å betale med enn røynda var. Bygdefolket kom til å sjå på futane som blodsugarar som med ei brutal framferd tynte fattigfolk. I folketradisjonen har dei såleis ikkje noko godt ettermæle.

 Vi har svært mange oppteikningar om futar som for hardt fram mot verjelause bønder. Stundom vart det så gale at bøndene ikkje såg nokon annan utveg enn å slå futen i hel. I Nordfjord skal fire futar ha blitt drepne. Ytre Sunnfjord er vel den einaste staden i Noreg der futar ikkje vart tekne av dage. Grunnen er nok at folket i Flora var blant dei mest velståande i landet grunna rikt fiske. I Kinn betalte dei ei landskyld på 12.5 lodd sølv, tre–fire gonger meir enn det som var vanleg. Det er lettare for ein som sit godt i det å klare skattane, jamvel om dei vart likna ut høvesvis. Når bygdefolket i siste delen av Kinnaspelet jamra seg over «svarte garn og svarte snøre», at «kornet sjuknar bort av væte» og at «svolten er den visse gjesten», er nok dette meir eit utrykk for at den grunnmuren dei har tufta livet sitt på blir riven bort, enn at dei lid materiell naud. I Sogn hadde dei ein fut som heitte Per Tysk. På garden sin hadde han ein heil flokk med unge jenter frå distriktet, og også ein heil skokk med horer frå Bergen. Men då han forførte kona til ein innflytt jemte, gjekk det gale for han. I bataljen som følgde, drog jemten kniven og stakk ned futen. Han døydde fire dagar seinare. Eitt formildande drag er der likevel ved futen. Då han låg på det siste, gjekk han i forbøn for drapsmannen. Kanskje er det frå Per Tysk vi har uttrykket «jentefut».

     Heller ikkje styresmaktene var alltid like begeistra for futane sine. Ein av futane i Nordfjord, Christopher Pepler, blei dømd frå liv og gods. Men han blei benåda, og fekk reise tilbake til Nederland, der han slo seg ned i Amsterdam som gullsmed. Dette var på slutten av 1590-talet. Bygdefolk som leid urett, hadde alltid den utvegen at dei kunne klage futen inn for domstolane. Det må ha vore tolleg god rettstryggleik, for rett ofte vann dei sakene sine. Vanskelegare var det når futane også var domarar, og hadde inntekter (10%) av dei bøtene som bygdefolk vart i lagde. Dess hardare bøter, dess meir gjekk det i lomma til futen. Peder Due, fut i Sunnfjord frå 1599 og utetter, var ein av dei verste slik. Då Nils Busk tok over for Due vart takstane for bøter sett ned til ein tredjepart av det dei hadde vore. Men også domsavgjerder kunne ein klage på, og futane måtte vakte seg for å gå for langt. Kanselliet i København hadde lange øyre, og visste vel at futane ikkje var til å stole på. Til dømes sende dei kommisjonar til Noreg som tok imot klagemål på futane, og nokre av dei vart dømde og avsette. Såleis kan vi slå fast at det må ha vore eit vanskeleg yrke å vere fut. Stort sett hata av bygdefolket, og vakta med skarpe auge av dei over seg. Dei fleste vart då heller ikkje verande særleg lenge i embeta sine.                                                                              (Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 1998)

Share to