• Photo: Rekonstruksjonsteikning ved Arne Berg. (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Ringheim

Garden Ringheim ved Lundarvatnet er mellom dei største på Voss. Han er delt i åtte bruk og fire gardsnummer: Store-Ringheim, Indre Ringheim, Nedre Ringheim og Vetle Ringheim.

Høg alder

Garden Lund som Lundarvatnet er oppkalla etter, må ha vore ein del av Ringheim, og gardane Gjerde og Tròdo (Trå) må i tidleg tid ha vorte utskilde frå Ringheim. Sjølve namnet Ringheim ber bod om høg alder.

Mellomalderloft

På Indre Ringheim står eit loft frå mellomalderen, frå før 1349. Dette loftet har vakre pryddører, og sjølve laftinga er meisterleg gjord. Saman med Finnesloftet og Lydvaloftet står Ringheimsloftet som minnesmerke over vestnorsk byggjekunst i høgmellomalderen.

Vetle Ringheim

Tunet på Vetle Ringheim, som A.Tidemand har teikna, står enno i dag i same stand, med stove, eldhus og bu og løe og flor framfor. Det vakre ladet av stein bind saman husrekkja til ein heilskap. Det er stor skilnad i alderen til dei einskilde husa på Vetle Ringheim. Eldst er truleg eldhuset, som kan vera frå tidleg 1600-tal.
 

Share to