Transport av råjønn til Hørteverket

Ved Tangen blei råjønnet løfta over på hestetransport opp til Hørteverket der håmrane ved Hørtefossen banka jønnet til ferdigvarer som stångjønn og spiker. Stångjønnet blei bruka til smiing av hestesko og anna reidskap. Ferdigvarene blei selt til lokale smier eller rodd ned elva og frakta til andre marknader.

Jernomnane bruka mykje trekol for å få sterk varme. Kolet blei produsert i kolmiler rundt om i skogane, og desse blei nesten uthogde. På Kolatangen på andre sida av Kisebekken blei kolet samla, og frakta med pråmar til Ulefoss.

Håmrane ved Hørtefossen er borte og denne idylliske gamle husmannsplassen er eit av dei få fysiske minna frå alt slitet og den store aktiviteten som stoppa for snart 200 år sidan.
 

Share to