• (Copyright)

Vargavågen og Katlaberget

Vargahola

På veg ut Vargavågen ligg Vargahola; ei stor hole i bergveggen like i sjømålet. I dag er det vinteropplag for småbåtar her, og det er stilla som rår. Men for 1000 år sidan, i vikingtida, må her ha vore eit yrande liv av bankande steinsmedar og folk i båtane utanfor. Ei heil kleberåre i berget er utnytta, og hola ligg no som ei løyndomsfull opning til fortida. Folketradisjonen knyter hola til munkane og Lysekloster, men brotet har vore i drift lenge før mellomalderen.

Katlaberget

I lia opp frå vågen, vel ein kilometer vest for Vargahola, ligg Katlaberget; som eit imponerande forhistorisk industriområde i utmarka. Vi finn bergveggen med hoggmerke og den store vollen framfor, alt av monumentale dimensjonar. Kleberindustrien i Vargavågen har vore omfattande og viktig. Kleber var eit framifrå råmateriale til bygningsstein og til kokekar, slik nettopp namnet katla "kjel" fortel.

Share to