• Photo: Kari-Lise S. Bjørke (Opphavsrett)
  • Photo: Kari-Lise S. Bjørke (Opphavsrett)
  • Photo: Kari-Lise S. Bjørke (Opphavsrett)
  • Photo: Kari-Lise S. Bjørke (Opphavsrett)

Holmøy Arbeidsskule 2009

Status i 2009 på Eid kommune sitt kulturminne frå 1997, Holmøy Arbeidsskule.

Bygning

Bygningen er no heilt tett og taket er ferdig og har fått på beslag. Nord-, aust- og vestveggen i bygningen har fått ny kledning og veggane har fått pålagt isolasjon, alle vindauge har vore teke ut og skifta. Veggane har vore grunna og deretter fått 2 strøk med måling.

Alle arka på huset har vore nedplukka og bygd opp på nytt med nye karmar og vindauge. Inngangspartiet på sydveggen er nesten ferdig.

Det som gjenstår no av utvendig arbeid, er sydveggen.

Gardsmuseum

Inne i bygget finn vi skule- og gardsmuseum og historia til skulen kjem godt fram. Vi kan spesielt nemne at skallen til slagbjørnen som Hans Holmøy var angripen av i 1852, heng på veggen i målarsalen.

I tillegg har arkivet i kjellaren vorte restaurert, og der finn ein dokumentasjon på mykje av skulen si historie.

Sikring

For å sikre verdiane best mogleg, er det installert innbrots- og tjuverialarm i skulen.

Eigar - Kirsti Sunde Holmøy

I 2006 døyde Ola Rasmus Holmøy, men kona Kirsti er eit arbeidsjern og satsar mykje tid og krefter på å få til og bevare skulen og område rundt. Med seg har ho sønene Jon Olav og Hans Ivar.

Sommarutstillingar

Holmøy Arbeidsskule har kvar sommar, dei siste 6 åra, vorte nytta til sommarutstilling i snikkarsalen. Det er Sudstranda Grendalag med leiar Kari Laila Skrede i spissen som tek seg av administreringa med sommarutstillingane. Tanken bak er å skape aktivitet i grenda, og å bruke skulen aktivt.

Den første som hadde utstilling i snikkarsalen i 2004 var ein tidligare elev ved skulen, biletkunstnaren Ørnulf Opdahl. Vi nemner og at biletkunstnaren og tidlegare lærar ved skulen, Finn Egil Eide hadde sommarutstilling der i 2006.
 

3 comments

  • Flotte bilete! Interessant å lesa om Eid kommune sitt kulturminne frå 1997. Bra at det er godt teke vare på. Flotte bilete!
  • Hmmmm, kanskje gulve burde ha vært slipt og behandlet? ;)
  • Les meir om skulen si historie hjå Fylkesarkivet: http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj?id=1398

Share to