Danmarkstur

Bøheringar på bøljan blå.

Bestefar hadde vore på tur til Danmark, det var med skogeigarlaget. Dette må ha vore ein gong på 1960-talet. 

Det hadde nok vore eit skikkeleg ”sjøslag”. Det var ikkje så mange detaljane me ungane fekk høre, men me fekk da greie på at det var skrive i ei fransk avis om desse bøheringane på Danmarkstur.

Tilbake i Larvik måtte dei gjennom tolla. "Nå e me tikje karar!", ropa ein av bøheringane da han såg tollarane som venta på dei.

Ein annan variant av denne historia er at Olav hadde kome seg trygt forbi tollarane, med litt for mykje. Ein av karane som ikkje hadde noko over kvota, kom etter. Han blei stoppa i tolla.  Da ropa han: "Ola, Ola, du må kome tebake, me e tikje."

Share to