Me sat og såg på dagsrevyen på fjernsynet. Da med eitt kom det store nyheiter.
Dei hadde funne ut at me kunne sjå fargar på fjernsynet. NRK skulle sende ein fargefilm, men eg meiner å hugse at me måtte ha på akkurat 110 w straum i tillegg til fjernsynet. Da skulle me kunne sjå fargene.
Det blei full oppstandelse. Me for rundt som ville humler, slo av straum og rekna ut kor mykje straum me hadde på. Ingenting hende, var det noko me hadde gløymt?
Etter ei lang stund seier Pappa: ”Sjå der, eg synest det er litt grønt i det eine hjørnet.”
Han hadde forstått kva for ein dag det var. Det var 1. april.