Da fjernsynet kom til Øvre Bø

Det blei store forandringar i bygda da fjernsynet kom.

Me var den andre familien i Øvre Bø som fekk fjernsyn, tidleg på 1960-talet. Det var eit PYE apparat med runde hjørne på skjermen og stålbein. 

Kvar fredagskveld var det sending for ungar, det heitte Kosekroken. Ungane i heile nabolaget kom for å sjå på denne storhendinga. Det var mykje folk på besøk på Tveitan på den tida for å sjå på fjernsyn. 

Etter kvart kom det fjernsyn i kvart eit hus, og folk vart sitjande heime. Det var faktisk slik ei tid at me snakka om dei som hadde fjernsyn og dei som ikkje hadde fjernsyn. Fjernsynet gjorde sitt til at folk slutta å gå gardimellom.

Share to