Gråor

Gråor veks godt her langs Evju, med vatn langt opp på leggen trivst den best. Du kjenner den lettast igjen på sin gråe bark og grågrøne blad med tydeleg spiss.

 

 

Namnet or eller older stammer frå det urgermanske ordet olr som tyder gul, som er fargen på veden.

Gråor veks over alt og er lett å få tak i, men har hatt liten eller avgrensa nytteverdi. Veden er laus og lite eigna som ved til fyring. Gråor rotnar fort og nyttar lite som byggemateriale.

Veden er likevel lett å arbeide med, dersom du vil lage deg ein turkopp eller spikke deg ein trefigur. Tresko har vorte laga av dette treslaget, og kanskje har det vorte laga slike på treskofabrikken som ein gong låg her i Evjudalen?

Når orelauvet er store som museøyre på våren bit auren og åbor på mark og buskapen kan sleppast på beite. Likevel bit auren best når orelauvet fell.

Har du elles problem med fotsveitte og gnagsår på tur? Forsøk orelauv i skoa, så blir alt så mykje betre.
 

 

Share to