• Photo: Janez Novak, Ljubljana, Slovenija Attribution (CC BY)

Spøkeriet og hesten på Evjutunet

På Evju omkring 1860 hadde dei ein gjev hest. Hesten blei gammal og måtte slaktast, og alle sørgde.

Dei ville ha eit bilde av hesten, men fotoapparat var skjeldne. På Hørte budde den gongen ein flyktning frå Polen. Han kalla seg Viktor Polakk og var fotograf.

Han kom med det store apparatet på tri bein. Hesten blei leidd ut på tunet, apparatet stilt opp og bildet tatt.

Etter ei stund fekk dei bildet, men da stod ein gammal mann og heldt i grima. Ingen kjende att mannen og hesten hadde vore aleine da bildet blei tatt. Alle i grannelaget blei spurt, men ingen visste kven mannen var.

Lenge etterpå kom ein krøttørhandlar til gards og da han såg bildet, sa han straks: "Det er gamle Ola". Han hadde hatt hesten som fola, men han hadde vore død i meir enn tjuge år.

Share to