• Photo: Randsfjordmuseene, avd. Lands Museum (Opphavsrett)

Andreas Svendsen Lienseie

Dette er ei foteljing om husmannen Andreas Svendsen Lienseie og ei bok som betydde mykje for han.

Andreas var son av Svend Hansen og Karen Andersdatter, og nummer to av åtte barn som voks opp på husmannsplassen Eriksveen under Lien i Søndre Land. Andreas hadde det fint som born saman med sine søsken, men allereie som 7 åring måtte han begynne som arbeidskar på garden der husmannsplassen låg under.

Andreas fekk eit sterkt ynskje om å gjere noko meir ut av livet enn å fortsette i fattige kår som husmann, slik som sin far og bestefar hadde vore på plassen Eriksveen. Han fekk ikkje gå på skole, men alle måtte lese til konfirmasjon. Då fekk han og overta boka ”Det nye Testamentet” etter si storesøster. Med denne boka lærte han å lese. Noko som hjelpte han fram i livet. Derfor vart denne boka han kjæraste eigendel.

Ut over på 1800-talet var det mange som sat kursen vestover til Amerika. Dette vart også eit håp for Andreas, og våren 1869, 30 år gammal drog Andreas av garde. Boka var med på turen.

I Amerika trefte Andreas sin store kjærleik, Mathea. Ho hadde utvandra frå Østsinni i Nordre Land, ikkje så langt frå Andreas sin heimplass, men dei møttes for første gong i Amerika. Mathea og Andreas valte 17.mai som sin bryllaupsdag. Heimlengselen og tankane tilbake til gamlelandet kom ofte, men dei visste at i Amerika hadde dei muligheita til å skape eit godt liv saman.

Dei nasjonalromantiske tankane som rådde i Noreg midt på 1800-tallet opptok også Andreas. Dette følgde med han over havet og da Andreas leste om den nye kongen i 1905 var han så glad at han fikk malt et bilde av kong Haakon 7. Dette som hang over senga hans til han døde i 1929.

Den urettferdigheita Andreas hadde opplevd frå storgardseigarane i Land, gjorde sitt til at han sjølv som gardeigar i Amerika behandla alle likt uansett posisjon eller rikdom. Den amerikanske fridomstanken var også blitt hans motto. Andreas Svendsen Lienseie var nå blitt Andrew Swenson.

I denne forteljinga får du høyre kva boka har betydd for Andreas gjennom hans livsreise.
 

1 comment

  • Flott fortalt! og flott vist!

Share to