• Photo: Inge Aarseth (Opphavsrett)

Dalsbotn, Rjoandefossen og Stokkabrui

Etter å ha passert gardstunet på Dalsbotn kjem Rallarvegen ned på ei elveslette som lyder namnet «Flatadalen».

Etter å ha passert gardstunet på Dalsbotn kjem Rallarvegen ned på ei elveslette som lyder namnet «Flatadalen». Du nærmar deg den flotte Rjoandefossen som styrtar utfor eit 150 meter høgt framspring frå ein hengjande dal. Du kjem nærare fossen om du tek turen over Stokkabrui som kviler på nokre kjempestore skredblokker på midten. Dette er delar av eit stort fjellskred frå fjellveggen sør for fossen. Skredblokkene demmer opp Flåmselvi slik at det vert eit elvestryk på nedsida og eit basseng på oppsida av brui. Her fører elva med seg grus og stein som vert sett av på elvesletta ovanfor brui der det no er bygd flaumvern.

Share to